Eide Fjordbruk oppnår sertifisering som CarbonNeutral® bedrift og lanserar karbonnøytral laks

Eide Fjordbruk, ei familieeigd selskap som produserar laks og aure på Vestlandet, er stolte over å kunne annonsere at bedrifta vår i dag er blitt karbonnøytral. Så vidt me kjenner til er me den fyrste lakseoppdrettaren som når dette målet.

Eide Fjordbruk er ei lita bedrift med ein hårete visjon: Me skal setje standarden for framtidas havbruk. Dette er ein visjon me tek på det største alvor og som forpliktar oss til å ta konkrete grep for berekraftig og klimavennleg matproduksjon. Me er no offisielt ei CarbonNeutral bedrift, sertifisert i henhold til krava i The CarbonNeutralProtocol, den globale standarden for karbonnøytralisering.

Vår reise mot å verte klimanøytral byrja i 2016 då me forplikta oss til å elektrifisere alle våre oppdrettsanlegg, ein prosess som har bidratt til vesentlege kutt i våre direkte karbonutslepp (scope 1). Tidlegare i år tok me ytterlegare grep for å redusere utsleppa i både scope 1, 2 og 3 då me beslutta at me vil elektrifisere våre arbeidsbåtar, kjøpe lokal, rein vasskraft og kutte utsleppa frå fôret vårt ved å kutte ut bruken av soya frå Brasil som ingrediens i vårt fôr.  Me utarbeida og vårt første klimarekneskap i henhold til GHG Corporate standard for å kunne måle framdrifta vår på ein påliteleg måte.

Ved å samarbeide med uavhengige ekspertar på karbonnøytralisering, Natural CapitalPartners, tek Eide Fjordbruk no endå eit stort steg ved å kompensere for våre uunngåelege, gjenverande utslepp gjennom å støtte karbonreduserande prosjekt som på ein positiv måte bidrag til å styrke lokalsamfunn og bevare naturen. Alle prosjekta er underlagt uavhengig gjennomgang av ekspertar for å sikre at dei møter dei høgaste krava (ICROA approved) og resulterer i verifiserbare og varige utsleppsreduksjonar. Me støttar i dag to prosjekt:

Bevaring av skog og reinekokemuligheter i Malawi: Gjennom ein kombinasjon av skogbevaring og distribuering av reine kokefasilitetar nyttar prosjektet karbonfinansiering for å oppnå betydelege utsleppsreduksjonar, bevare biodiversiteten i eit viktig område, samt addressere helserisikoar knytt til luftforureining.

Forbedringog utviding av våtmarksområder og rein energi: Dette prisberømte prosjektet har i tillegg til å forsyne 18 000 husstandar med rein straum frå biogass gjenoppretta to kvadratkilometer med våtmarksområder.

I tillegg til dette går me eit steg lenger. Me trur at maten for framtidas konsument bør vere karbonnøytral. Me vil derfor og tilby klimanøytral laks til våre utvalgte kundar. Når du kjøper eit CarbonNeutral product av oss har me allereie kompensert for ikkje berre våre eigne, men alle karbonutsleppa i produksjonssyklusen til laksen frå egg til ferdig slakta laks basert på krava i TheCarbonNeutral Protocol. Du kan lese meir om utsleppa knytt til produksjon av vår laks i vårt klimarekneskap.

Atlantic salmon and trout by

Om Natural Capital Partners

Med meir enn 300 kundar i 34 land, inkludert Microsoft, MetLife, Logitech, PwC, Sky, Ørsted og SITA, nyttar Natural Capital Partners krafta i marknaden og næringslivet til å skape ei meir berekraftig verd. Gjennom eit nettverk av globale prosjekt leverer selskapet løysingar av høgaste kvalitet som gjer ekte endring mogeleg: Reduserte karbonutslepp, meir fornybar energi, berekraftige verdikjedar, bevaring av skog og artsmangfald, og forbetra helse og levekår.

naturalcapitalpartners.com

carbonneutral.com