Folk

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

Filosofi

Filosofien vår er enkel: Fisk som har det godt er fisk som også smakar godt. Menneska som jobbar hos oss er garantistane for at fisken har det bra, dette sikrar igjen gode lokalsamfunn med trygge arbeidsplassar.

Menneska

Folka som jobbar i Eide Fjordbruk er ryggrada vår. Dei er opptekne av fisken, kvarandre og verdien av trygge arbeidsplassar. Eide-familien driv selskapet i eit generasjonsperspektiv. Det betyr at alt me gjer skal bidra til å sikre sunn, langsiktig og bærekraftig drift.

Vår historie

Eide-familien har ein tradisjon for matproduksjon som strekkjer seg attende til 1600-talet. I snart 50 år har me vore med og bidrege til utviklinga av den norske oppdrettsnæringa. Vårt perspektiv har alltid vore langsiktig, det skal det fortsetje å være.
2011
Eide går inn med ca 30 % av aksjane i selskapet SkjelbreidPoirée. Dette er eit forsøk på å bidra til å skapa aktivitet og arbeidsplassar i Hålandsdalen. Prosjektet vert ferdigstilt i 2011.
2009
Knut Frode inngår samtalar med Lindås-selskapet Fyllingsnes Fisk AS om ei eventuell overtaking. Selskapet er eigd av brørne Inge og Steinar Fyllingsnes, og firmenningen deira Egil Fyllingsnes. Fyllingsnes Fisk vert kjøpt av Eide Fjordbruk i løpet av desember 2009. Fyllingsnes Fisk driv med aureproduksjon ved to lokalitetar i Osterfjorden, og dei har rettar til lokalitetane Langøy og Ospeneset i Fensfjorden/Austfjorden i Lindås kommune. Etter nesten 20 år med produksjon av berre laks er familien Eide no attende som produsent av regnbogeaure.
2006
Ny akvakulturlov tok til å gjelda frå 2006. Overgang frå fôrkvotar til MTB (maksimal tillatt biomasse). Årsomsetninga i 2006 var på ca 70-80 millionar kroner. Årsproduksjonen var på ca 4000 tonn rundvekt.
2004
Selskapet får positivt svar på søknaden om ein ny konsesjon. Eide Fjordbruk kjøper denne konsesjonen som har konsesjonsnummer HK 63. Søkjer om lokalitet Hågardsneset og Brandaskuta ved Snilstveitøy i Kvinnherad. Selskapet får hand om desse to lokalitetane i løpet av 2004.

Lokalitetar

All drift i Eide Fjordbruk, frå smoltanlegget i Eidestøa til merdane i sjøen fokuserer på å drive i pakt med naturen og å sikre bærekraft på lang sikt.
Me har åtte lokalitetar i Hardanger og Nordhordland. Felles for lokalitetane våre er den vestlandske naturen og dei unike fjordane. Kombinasjonen av varmt vatn frå Atlanterhavet, smeltevatn frå fjellet og frisk norsk luft gjer dei vestlandske fjordane til den aller beste staden å leve, både for fisk og menneske — i allefall etter vår meining.