Folk

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

Filosofi

Filosofien vår er enkel: Fisk som har det godt er fisk som også smakar godt. Menneska som jobbar hos oss er garantistane for at fisken har det bra, dette sikrar igjen gode lokalsamfunn med trygge arbeidsplassar.

Menneska

Folka som jobbar i Eide Fjordbruk er ryggrada vår. Dei er opptekne av fisken, kvarandre og verdien av trygge arbeidsplassar. Eide-familien driv selskapet i eit generasjonsperspektiv. Det betyr at alt me gjer skal bidra til å sikre sunn, langsiktig og bærekraftig drift.

Vår historie

Eide-familien har ein tradisjon for matproduksjon som strekkjer seg attende til 1600-talet. I snart 50 år har me vore med og bidrege til utviklinga av den norske oppdrettsnæringa. Vårt perspektiv har alltid vore langsiktig, det skal det fortsetje å være.
1984
Knut Frode seier opp stillinga si i Nordsjøen og startar med å arbeida aktivt i familieverksemda. Konsekvensen for Knut Frode vart dobbel arbeidsmengd og meir enn halvert løn over dei neste 10 åra. I 1985 reiste Knut Frode på enkeltturar i Nordsjøen for å spe på inntekta.
1981
Dette året kom den fyrste permanente oppdrettslova «Lov av 15. mai 1981 nr. 19». Det vart tildelt 50 nye konsesjonar på 3000 m3.
1978
Knut Johan Eide startar med laksesmolt i Eidestøa. I denne perioden vart det sett opp fire 10-meters aluminiumskar på land med vasstilførsel frå Eideselva. Det er no kombinasjonsdrift av regnbogeaure og laksesmolt. Knut Johan Eide starta òg for fyrste gong med oppdrett i sjøvatn i Hardangerfjorden dette året. Saman med Rolv Haugarvoll etablerte han selskapet Lingalaks AS, der dei eigde halvparten kvar. Samarbeidet varte i ca 10 år. I 1988 bestemte Knut Johan seg for å selja sin del i Lingalaks AS til familien Haugarvoll.
1973
Midlertidig lov av 8. juni 1973 om fiskeoppdrett sette krav til at alle måtte registrera seg for å driva lovleg og nye aktørar måtte ha konsesjon. Anlegget vart då registrert hos Fiskeridirektoratet og fekk konsesjonsnummer HFS 8.

Lokalitetar

All drift i Eide Fjordbruk, frå smoltanlegget i Eidestøa til merdane i sjøen fokuserer på å drive i pakt med naturen og å sikre bærekraft på lang sikt.
Me har åtte lokalitetar i Hardanger og Nordhordland. Felles for lokalitetane våre er den vestlandske naturen og dei unike fjordane. Kombinasjonen av varmt vatn frå Atlanterhavet, smeltevatn frå fjellet og frisk norsk luft gjer dei vestlandske fjordane til den aller beste staden å leve, både for fisk og menneske — i allefall etter vår meining.