Kapitteloversikt
Vår organisasjon
Matfiskproduksjonen i sjø skjer i dotterselskapa Eide Fjordbruk AS og Norforsk AS. Settefiskproduksjonen skjer i dotterselskapet Eide Smolt AS, samt i det tilknytte selskapet Ænes Inkubator AS. Salmon Eye AS driftar konsernet sitt visningssenter Salmon Eye® og restauranten Iris. Slakteriverksemda skjer i det tilknytte selskapet West Harvest AS. Eide Seafood AS og Ydmyk Milano S.r.l. vil være salsselskapa i konsernet, medan Eide Båt AS leverer driftstenester og båttenester til produksjonsselskapa i konsernet. Watermoon AS og dotterselskapet Watermoon Scotland Ltd utgjer til saman satsinga på utvikling og kommersialisering av vår nye teknologi for framtidas havbruk – Watermoon®.
Konsernet har i tillegg investeringar i ei rekke andre tilknytte selskap. Hålandsdalen Utbygging AS og Skjelbreid Poiree er lokale investeringar innan eigedomsutvikling og drift. Searis AS er eit norsk teknologi-selskap. Sjømatstaden AS er eit utviklingsprosjekt i Nordfjord i lag med Kvernevikgruppa som satsar på kommersialisering av nye artar. Bruravik Utvikling AS er eit eigedomsselskap og Miljø og Havbruk AS driv med behandling mot lakselus.
Denne rapporten omfattar alle konsernselskapa, men dei fleste vesentlege emna er berre knytt til oppdrettsverksemda i Eide Fjordbruk AS og Norforsk AS. Definisjonen av konsernselskap er selskap der Eide har bestemmande innflyting i selskapa, normalt ved eigarskap av meir enn 50% av stemmerettane i selskapet. Same selskap er omfatta av både bærekraftrapportering og finansiell rapportering i den konsoliderte årsrekneskapen.