Settefiskfasen​

Verdikjeda vår startar med kjøp av rogn som vert klekka i vårt eige klekkjeri i Eidestøa ved Skogseidvatnet. Val av riktig genetikk er avgjerande for eit godt resultat.  Ca to månader etter klekking startar fôringa på eit av setjefiskanlegga våre. I denne fasen lever fisken i ferskvatn i kar på land. Her er det kritisk med god kontroll på vassmiljøet og fisken vært kontinuerleg overvaka. Me vel fôr av høg kvalitet for å gje fisken dei beste forutsetningane og vaksinerer fisken mot kjente fiskesjukdommar. ​

Lakserogn vert klekka i eige klekkjeri og startfôra på land​

Sjøfasen​

Etter åtte til 14 månader vert yngelen «smoltifisert». Dette er laksefisken sin måte å klargjere seg for eit liv i sjøvatn. Ein kan sjå den fysiologiske forandringa ved at fisken vert blank og dei karakteristiske parrmerka frå yngelstadiet forsvinn. Når fisken er blitt smolt, flyttar me den ut i sjøen på eit av våre sjøanlegg i dei vestlandske fjordane. No veg fisken om lag 100-200 gram. Med godt stell og fôr i sjøanlegga veks fisken til slaktevekt på om lag 5 kilo i løpet av litt over eit år. For å lukkast med å produsere den beste fisken er det avgjerande å ha det beste utgangspunktet. Det sikrar ein gjennom å ta riktige val av rogn, vaksiner og fôr, tre sentrale innsatsfaktorar som me kjøper hjå eksterne leverandørar. Me har kontinuerleg dialog med leverandørane for å heile tida sikre at me ligg i forkant. Leverandørane av rogn, vaksiner og fôr er stort sett store selskap med produksjon i fleire land. Samla står desse tre kostnadsgruppene for om lag 50 % av våre kostnadar. ​

Etter 8-14 månader vert Fisken smoltifisert og flytta ut i sjøen​

Slakting pakking og transport​

Når fisken er slakteklar, startar prosessen med å slakte, pakke og frakte fisken til marknaden. Fisken kan anten slaktast på merdkanten ved bruk av eit slaktefartøy, eller ein kan frakte fisken med brønnbåt inn til eit slakteri i nærleiken. Både slaktefartøya og slakteria på land avlivar laksen raskt og varsamt slik at fisken vår slepp å lide. Fisken vert først bedøvt for å sikre at fisken ikkje vert utsett for liding, og for å unngå stress som også kan påverke kvaliteten negativt. Bedøvinga skjer anten med slag mot hovudet eller med elektrisk straum, før gjellene vært kutta og fisken blør ut. Deretter veg og kvalitetssjekkar me kvar enkelt fisk, før den vert pakka i kassar og transportert til marknaden.   ​

Etter totalt 24-30 månader vert Fisken slakta og endar på tallerkar verda over​

Sal og marknad​

Det meste av laksen produsert i Norge, om lag 90%, vært eksportert til andre land. Me i Eide sel det meste av fisken vår til norske eksportørar som deretter eksporterer fisken. EU er den største eksportmarknaden, medan USA er det største enkeltlandet. Totalt vert norsk laks og aure frå Eide eksportert til over 100 ulike land verda over! ​

Dei vel 20 000 tonna med laks som Eide produserer årleg vert til om lag 16 500 tonn med ferdig slakta fisk eller om lag 10 000 tonn med laksefilet. Dersom me legg til grunn at eit gjennomsnittleg laksemåltid består av 150 gram laksefilet så utgjer fisken frå Eide om lag 67 millionar måltid kvart år, tilsvarande to laksemiddagar i veka til alle innbyggarane i heile Vestland fylke! ​

I tillegg vert det laga mange spennande produkt av hovud, avskjer og sløyesvinn for å sikre at ingenting vert kasta, det kan du lese meir om under avsnittet om avfall og sirkulærøkonomi.