BerekraftsrapportOm oss

Eigarstyring og sleskapsleiing

Eide-konsernet er ei familiebedrift der familie og eigarar har mange ulike roller å fylle. Eigarane har som mål å være tett på drifta, ha god oversikt og ei hand på rattet når viktige avgjersler skal takast.

Eide har som mål å flytte kontoret nærare merdkanten, og merdkanten nærare kontoret.  I tillegg til å utøve eigarskapet som ein aktiv eigar utgjer våre eigarar òg styret i konsernet, samt har leiande stillingar i verksemda. Her er heile familien involvert heile vegen frå merdkanten til styrerommet og generalforsamlinga. ​

Ei stor styrke med vår organisering er at eigarane er tett på og raskt kan ta viktige avgjerder slik at me kan snu oss rundt med stor kraft og tyngde, anten det er for å utnytte ein mogelegheit i marknaden eller for å løyse eit problem. Dette kjem godt med i ein industri der endringane skjer raskare enn nokon gong. Baksida med denne organiseringa er at mange har fleire ulike roller å handtere, noko som kan være krevjande til tider og som kan gje ei auka risiko for interessekonfliktar og uklare roller og ansvarsforhold. Organiseringa legg difor òg eit utvida ansvar på våre eigarar til sjølv å sikre at kritiske saker vert fanga opp og rapporterte til relevante interessentar. Dette løyser me gjennom å sørge for å ha gode rutinar for intern kontroll og eit godt team rundt oss i konsernleiinga som òg har eit utvida ansvar for oppfølginga av berekraftarbeidet. Me har etiske retningsliner tilgjengeleg for alle tilsette for hjelp og rettleiing i god forretningsskikk. Det er laga utvida prosedyrar og retningslinjer i vårt kvalitetssystem på sentrale område. Der dette ikkje er tilgjengeleg eller om ein er i tvil kan ein søke råd hjå næraste leiar. ​

Me har implementert varslingsrutine der alle tilsette kan varsle om kritikkverdige forhold ved drifta og arbeidsplassen utan represaliar for den som varslar. Varslingsprosedyren er tilgjengeleg for alle tilsette og inkluderer anledning for å varsle til andre enn nærmaste leiar eller anonymt ved behov. ​

I tillegg nyttar me interne og eksterne revisjonar og sertifiseringar aktivt. Frå revisjon av årsrekneskap og klimarekneskap, til revisjonar etter mellom anna Global GAP-standarden, Debio-standarden og tekniske revisjonar av mellom anna NYTEK-krava.

Tal på vesentlege lovbrot
GRI 2-27a
0
(0)
Bøter betalt for brot på lover og reglar​
GRI 2-27b
0
(0)

Etterleving av lover og reglar​

Ingen kritiske forhold vart avdekka eller rapporterte i 2023. Det var heller ingen vesentlege brot på lover og reglar, og Eide-selskapa har ikkje blitt i lagt bøter eller andre sanksjonar av myndigheiter for brot på regelverk. ​

Me definerer vesentlege og kritiske forhold som forhold som kan ha ei alvorleg negativ påverknad på ein eller fleire av våre fire F-ar; Folk, Fisk, Fjord (miljøpåverknad) eller Framtid (inkl økonomisk påverknad). ​

Etiske retningsliner​

Me har utarbeida etiske retningsliner som gjeld for alle selskapa i Eide, konsernet. Retningslinene er bindande for samtlege styremedlemmer, leiarar, tilsette og andre som representerar Eide i forretningar. ​

Føremålet er å gjere klart kva Eide står for og å sikre integritet, god forretningsskikk og –kultur i heile organisasjonen. ​

Dei etiske retningslinene er godkjende av styret i Eide-konsernet og er gjort tilgjengeleg for samtlege tilsette gjennom vårt Kvalitet og IK-system. Innhaldet er òg gjort offentleg tilgjengeleg for våre forretningspartnarar gjennom at retningslinene er inkluderte i denne rapporten under dei tilhøyrande emna. ​

Dei etiske retningslinene inkluderer område som lovar og reglar, sikkerheit, løn og arbeidstid, informasjon og personopplysningar, varsling om kritikkverdige forhold, diversitet og mangfald, diskriminering, bruk av rusmiddel, barnearbeid, tvangsarbeid, fagforeiningsfridom og anti-korrupsjon. Eide er forplikta til å følgje ILO-konvensjonane om arbeidarens rettigheiter og å respektere FN sine grunnleggjande menneskerettigheitar. Me forventar det same frå våre leverandørar og kundar.​

Retningsliner for å handtere negativ påverknad ​

Eide-konsernet har utarbeidd handlings- og beredskapsplanar for å handtere ulike typar negativ påverknad som er sannsynleg at kan oppstå i vår verksemd. Dette inkluderer mellom anna risiko for rømming av fisk frå våre anlegg eller risiko for utslepp av diesel eller olje frå våre fartøy. Våre tiltak knytt til å handtere ei eventuell rømming av fisk kan ein lese meir om under kapittelet om vill laks og vår påverknad på den. Våre beredskapsplanar vert vurderte i samband med revisjonar frå myndigheitene og sertifiseringsorgan.​

Me har òg eigen samfunnskontakt og kontaktinfo lett tilgjengeleg på våre nettsider samt på sosiale medium slik at våre interessentar kan ta direkte kontakt med oss. Dette sikrar at me raskt får beskjed og kan rydde opp dersom noko er gale. Eksempel på saker me vert varsla om gjennom slike kanalar er drivgods eller avfall, funn av fiskefôr i villfisk eller fangst av fisk ein mistenker kan vere rømt oppdrettsfisk. Me opplever at me har god dialog med lokalsamfunna der me driv og har ikkje avdekka vesentleg negativ påverknad. ​