Kapitteloversikt
Tre generasjonar

Første generasjon lakseoppdrettar
Knut Johan Eide var major i forsvaret og gjekk under kallenamnet «Majoren». Det var lang veg å pendle frå Hålandsdalen til forsvaret i Bergen. Ynskje om å finne noko å leva av nærare heimen var difor sterkt.
Jorda var derimot skrinn, så etter fleire mislukka forsøk starta Knut Johan Eide med oppdrett av regnbogeaure i Skogseidvatnet i 1971, motivert av mellom anna Magne Bolstad, ein annan laksepionér i regionen. Seinare gjekk han over til å produsere laksesmolt i vatnet, ei verksemd som framleis heldt fram den dag i dag under namnet KJ Eide Fiskeoppdrett til minne om Knut Johan. Hovudkontoret til Eide ligg òg ved Skogseidvatnet i dag.

Andre generasjon lakseoppdrettar
Son til Knut Johan, Knut Frode Eide, hadde ei lovande karriere i oljenæringa, men sa opp stillinga for å satse på laks i 1984. Med dobbel arbeidsmengd og halv løn var det få som forstod valet, men Knut Frode såg tidleg potensialet i oppdrettsverksemda. I 1985 reiste Knut Frode framleis på enkeltturar i Nordsjøen for å spe på inntekta.
I 1988 pantsette Knut Frode huset for å få på plass finansiering til å starte med oppdrett av laks i sjø i Hardangerfjorden. I 1993 fekk selskapet tilgang på ein ekstra konsesjon og kunne med det auke produksjonen betydeleg. Saman med kona Randi Herre Eide utvikla Knut Frode selskapet til å bli ei solid bedrift med åtte sjølokalitetar. Eide Fjordbruk var ein stor del av livet til Knut Frode, så når han i 2018 måtte gje tapt etter åtte års kamp mot hjernekreft var det eit stort tap for både familien, verksemda og dei tilsette.

Tredje generasjon lakseoppdrettar
Sondre Eide overtok stafettpinnen etter Knut Frode i 2018 og styrer i dag verksemda vidare i Knut Frode si ånd, mot framtida. Der Knut Frode tok verksemda frå vatnet til sjøen, tek Sondre verksemda vidare ut i verda og opp i skya med spanande satsingar på ny miljøteknologi, visningssenteret Salmon Eye og restauranten Iris. Selskapet har under Sondre si leiing og tatt steg for å komme nærare kunden, med eigarskap i slakteri og eige salsselskap.
Med seg på laget er òg ei rekkje andre medlemmer av Eide-familien. Mor Randi Eide er kontorleiar og styreleiar i konsernet, medan Erlend Eide, bror til Sondre, er teknisk sjef og leiar for FoU i verksemda. Kona Jennifer Eide har stillinga som analysesjef, medan fjerde generasjon framleis er i barnehagen.