BerekraftsrapportOm oss

Våre lokalitetar​

Me driv sjømatproduksjonen vår i opne sjøanlegg med merdar på til saman elleve sjølokalitetar, alle i Vestland fylke på vestkysten av Noreg, frå Hardangerfjorden i sør, til Nordfjorden i nord. I tillegg har me tre setjefiskanlegg. Me produserer i dag Atlantisk laks og regnbogeaure.​

På Lialaks i Solund produserer me mellom anna økologisk setjefisk av laks. Skogseidvatnet i Hålandsdalen var der det heile starta i 1972. I dag har me både klekkjeri, setjefiskproduksjon og administrasjonen vår lokalisert her. ​

Ved Varaldsøy og Snilstveitøy ligg fire av våre matfisklokalitetar i Hardanger. Her har dei tilsette vunne ei rekkje prisar for beste produksjon dei seinaste åra. I Hardanger ligg og den nye lokasjonen Skotberget som vil være pilotanlegg for våre eigenutvikla anlegg Watermoon®. I Hardanger finn me òg visningsanlegget Salmon Eye og restauranten Iris.​

I Osterfjorden produserer me regnbogeaure og økologisk laks. ​

I Fensfjorden ligg våre to største lokasjonar, og her har me gjennomført mykje av utviklinga og testinga vår med ny teknologi. Lokalitetane i Fensfjorden var mellom anna dei to første anlegga som testa ut snorkelmerdar i full kommersiell skala. ​

På Hundvika Aust i Nordfjorden driv me òg produksjon av økologisk laks, medan lokasjonane Bakjestranda og Isane vert nytta til forsøk med nye fôrråvarer i regi av Norforsk saman med våre samarbeidspartnarar NMBU og VI. Midthjell og Lyngholmane er nye lokalitetar tildelt i slutten av 2023.