BerekraftsrapportOm oss

Vesentlege rapporteringsemne

Våre vesentlege område for rapportering er dei områda som både me i Eide, og våre interessentar, har vurdert som viktigast at me rapporterer på. Dei vesentlege områda er delt inn etter våre fire løfter, dei fire F-ane; Fisk, Folk, Fjord og Framtid. Du kan i denne rapporten lese meir om korleis me har definert og avgrensa dei ulike områda, kva mål me har satt oss for kvart område, korleis me ligg an, og kva tiltak som er sett i gang for å nå dei ulike måla.​

Kva som er vesentlege emne for rapportering bygger på ei heilskapleg og risikobasert vurdering. Me har jamleg dialog med våre ulike interessentar der me tek opp og drøftar ulike emne. Me har òg hatt diskusjonar i styret og leiinga og me har sett på alle dei presumptivt antekne vesentlege emna foreslått av GRI 13, sektorstandarden for akvakulturbedrifter. Alle interessentgruppene er vektlagt, men syna til våre tilsette, våre eigarar og til konsumenten som skal ete produkta våre er særleg vektlagt. Styret i Eide-konsernet er øvste ansvarleg for godkjenning av dei vesentlege rapporteringsemna og for rapporten. ​

Etter GRI er det bedrifta si faktiske og potensielle påverknad på samfunnet og miljøet som styrer definisjonen av kva emne som er vesentlege. Både positiv og negativ påverknad kan være vesentleg. Etter EU sitt berekraftsdirektiv (CSRD) som Eide vert omfatta av i 2025 skal bedrifta òg ta omsyn til korleis dei ulike områda kan påverke bedrifta, såkalla «dobbel vesentleg». Me har i 2023 gjort ei innleiande vurdering av kva emne som kan ha vesentleg påverknad på vår bedrift, og finn at det er enkelte emne som er dobbelt vesentlege for oss, desse er markerte med stjerne (*) i tabellen under og grunngjevinga er omtala under kvart enkelt emne. ​

For Eide har det i vurderinga av kva som er vesentleg vore viktig å ha med emne innanfor dei ulike løfta våre, altså har me sett på kva som er mest vesentleg innanfor kvart område av dei fire F-ane. I val av emne har me sett på både kortsiktige og langsiktige risikoar, lokale og globale påverknader og finansielle og ikkje-finansielle risikoar.  ​

Innanfor dimensjonen Folk ligg emna som handlar om sosial berekraft og vårt forhold til våre tilsette, våre kundar og folka i lokalsamfunna der me driv. Vesentlege emne som vert dekka her er HMS, Mattrykkleik og Sosial lisens. Dimensjonen Fisk handlar primært om korleis me tek vare på og sikrar god fiskevelferd og fiskehelse for fisken vår, men også om omsynet til andre levande organismar i økosystema me har påverknad på.  I kategorien Fjord ligg dei miljømessige måla våre og emne som handlar om korleis me minimerer avtrykket me har på naturen rundt oss. Dei vesentlege emna her er vatn og utslepp, karbonavtrykk og avfall. I dimensjonen Framtid ligg avtrykk og forhold med lengre tidshorisont og med globalt perspektiv. Det handlar om korleis me skal klare å produsere nok mat til verdas folk samtidig som klimaet endrar seg, og om korleis me kan sikre ei etisk forsvarleg verdikjede i ei stadig meir kompleks verd der autoritære krefter er aukande. ​

Emna «Likestilling», «Bruk av medisin og kjemikaliar», «Jordhelse», og «Anti-korrupsjon» er ikkje lenger vurderte som vesentlege. Dette er viktige tema for oss og er bredt omtalt i rapporten, men ikkje som separate emne. Emnet «Forretningsskikk» er nytt i 2023 og inkluderer framleis anti-korrupsjon, men har eit breiare perspektiv.