Kapitteloversikt
Om rapporten
Eide nyttar GRI Standardane for årleg frivillig rapportering på berekraft. Standarden omfattar både den økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonen av berekraft knytt til eit selskap sine aktivitetar og produkt. Etter vårt syn er rapporten i det aller vesentlegaste konsistent med GRI sine rapporteringsprinsipp.
Deler av rapporten er revidert av eksterne, uavhengige revisorar. Dette gjeld Årsrekneskapen, klimaregnskapet etter GHG-standarden og GRI 305, samt GRI-indeksen som er revidert etter ISAE 3410 og ISAE 3000. Revisors beretningar er inkludert i rapporten.
GRI er delt i universelle standardar, bransjestandardar og tema-standardar. Dei universelle standardane gjeld for alle selskap, medan dei bransjebaserte gjeld selskap i den aktuelle bransjen og emne-standardane gjeld der dei aktuelle emna er vesentlege.
Vår GRI indeks-tabell er inkludert i denne rapporten og inneheldt referansar til kvar i rapporten eller på nettsidene våre ein kan finne informasjon om dei ulike GRI krava. Indeksen inneheld og opplysningar om eventuelle utelatne opplysningar, og årsaka til at opplysningane er utelatne. Alle referansar til delkapittel eller sidetal viser til denne rapporten. Rapporteringsperioden for denne rapporten er frå 1.1.2023 – 31.12.2023 og rapporten vært publisert og godkjent av styret saman med årsrekneskapen. Spørsmål til rapporten kan rettast til vår Berekraft- og økonomisjef, Christoffer Marøy.