BerekraftsrapportOm oss

Styret og konsernleiing

I styret i Eide-konsernet har me det øvste ansvaret for å fastsetje strategien og måla for verksemda, samt for å evaluere risikoane verksemda står overfor, inkludert risikoar knytt til berekraft og miljø. Me har òg det øvste ansvaret får å sikre at me har gode nok internkontrollrutinar for å handtere risikoane.

Styrets arbeid og ansvar

Saman med konsernleiinga gjennomfører me minst årleg ein gjennomgang av verksemda sine mål og strategiar, samt risikoprofilen og internkontrollen i konsernet. I våre risikovurderingar legg me i styret stor vekt på både dei økonomiske, sosiale og miljømessige sidene ved verksemda. Me gjennomfører òg årleg ei sjølvevaluering av styrearbeidet. ​

Styret i konsernet har òg det øvste ansvaret for styring og kontroll av vår påverknad på samfunnet og miljøet. Styret er mellom anna ansvarleg for å kvalitetssikre og godkjenne den årlege berekraftrapporten, inkludert definisjonen av vesentlege emne. Styret deltek i tillegg jamleg i dialog med ulike interessentar og gjennomfører årleg møte med uavhengig revisor.​

Sidan det er oss eigarar som òg utgjer styret i konsernet er ikkje prosessen rundt styreval særleg formell og familiestyret er vald av oss sjølve på ubestemd tid. Som ei følgje av dette er heller ikkje andre interessentgrupper representerte i styret. Samtidig er me bevisste på behovet for ulik kompetanse og bakgrunn i styret og vurderer jamleg om det er behov for justeringar. ​

Erlend Eide, Styremedlem

Styrets samansetning og kompetanse​

Dagens styre har brei kompetanse frå ei rekkje ulike fagområde, frå forsking og ingeniørfaget, til økonomi, biologi, leiing og jus, og me hentar inn ekstern bistand ved behov. ​

Randi er i tillegg til å være eigar og styreleiar ein av dei mest erfarne tilsette i Eide-konsernet. Ho har vore med Eide sidan midten på 80-tallet. I oppbygginga av Eide har ho støtta Knut Frode i tillegg til å ta vare på ein veldig hektisk og svært aktiv familie. Ho har biologiutdanning og utfører òg viktige oppgåver i selskapet sin administrasjon og -kontorfunksjon. På fritida er ho ofte ute i naturen eller på hytta på Geilo. ​

Erlend er i tillegg til eigar og styremedlem òg dagleg leiar i NorForsk AS og Eide Båt AS, samt teknisk sjef i Eide-konsernet. Erlend er faglært i akvakultur og har ingeniørgrad i undervassteknologi, drift og vedlikehald frå Høgskulen i Bergen. I tillegg har han mastergrad i marinbiologi frå NTNU i Trondheim. Han har vore tilsett i Eide sidan 2018.​

Sondre er i tillegg til å være eigar og styremedlem dagleg leiar i Eide-konsernet. Han omtalar seg helst som tredje generasjons lakseoppdrettar, men er òg utdanna med MBA frå San Francisco, jurist ved UiO, og har ein bachelor i Business Administration. I tillegg til å være dagleg leiar i konsernet har Sondre og viktige roller knytt til sal og marknadsføring av fisk og oppfølging av konsernet si satsing på ny teknologi, Watermoon. På fritida liker Sondre som tidlegare skiskyttar å være aktiv, særleg på ski eller sykkel. I junior VM Ruhpolding i skiskyting 2008 vant blant anna Sondre sølv. Sondre har vore i Eide sidan 2015. ​

Randi Herre Eide​, Styreleiar​
Sondre Eide, Styremedlem

Konsernleiinga ​

Ansvaret for den daglege oppfølginga av berekraftarbeidet ligg hjå leiinga i konsernet. Konsernleiinga har jamlege møter der ulike berekrafttema vert diskuterte og følgt opp. Hendingar av betydning vert fortløpande tatt opp med dagleg leiar og gjennomgått i leiargruppa i konsernet. Hendingar av kritisk betydning vert straks rapporterte vidare til styret, medan andre hendingar vert rapporterte minimum kvartalsvis.  ​

Konsernet har implementert system for risikovurdering og avvikshandtering av alle typar risiko inkludert berekraftrisikoar. Dette systemet og rutinene rundt det er beskrive i større detalj under emnet HMS, «Ein trygg plass å arbeide». ​

Ansvar for oppfølging av berekraft​

I konsernleiinga inngår mellom anna Berekraft- og økonomisjef Christoffer Marøy som har eit særskilt ansvar for berekraftrapportering og finansiell rapportering, og Kvalitetssjef Olav Tveitnes som har det operative ansvaret for oppfølging av avvik, rutinar og prosedyrar gjennom vårt kvalitets- og IK-system. ​

I tillegg til medlem av konsernleiinga har me eigen fiskehelseansvarleg som har eit utvida ansvar for å følgje opp fiskehelsa og –velferda.