Kapitteloversikt
Vår strategi
Vekst i volum
Me skal vekse på ein lønsam og berekraftig måte gjennom ein kombinasjon av forbetringar i produksjonen vår og ny kapasitet på lokasjonar øyremerka for lukka og nedsenka anlegg i sjø, frie for lus.
Lukkast med lukka
Me skal lukkast med ny, berekraftig og lusefri teknologi for oppdrett av laks i sjø. Vårt mål er at produksjonen i våre lukka Watermoon® anlegg skal være betre enn i våre beste opne anlegg.
Best på berekraft
Me skal være den mest berekraftige sjømat-produsenten. Me skal arbeide for å ha lågast karbonavtrykk per kilo, og drive innanfor unntaket for berekraftig vekst uavhengig av miljøstatusen i regionen i trafikklyssystemet.
Kunde og marknadsfokus
Me skal produsere og levere den fisken som kunden vil ha, med riktig storleik, til rett tid og til riktig kunde. Me skal bygge marknad og merkevare tufta på Eide si historie og unike kapasitetar innanfor teknologi, kvalitet og berekraft.
Eit Eide
Me skal bygge vidare på vår felles stoltheit og konkurranseinstinkt og fremje eitt lag med felles kultur og verdiar, som samarbeider og støttar kvarandre, bygger på kvarandre sine styrkar, og delar oppturar og nedturar i lag.