Kapitteloversikt
Vår visjon og vårt føremål
Vår visjon
Vår visjon er å sette standarden for framtidas havbruk. Som eit familieeigd selskap med lang historie er det viktig for oss å drive på ein måte som gjev oss anledning til å drive langsiktig, slik at me kan vidareføre familiebedrifta til neste generasjon i endå betre stand enn då me overtok.
Eide er ikkje blant dei største og kan ikkje vinne på volum, men me kan strekke oss for å bli best på mange andre område. Vår visjon handlar om dette. Me vil gå i front og vere eit eksempel for etterfølging. Me vil produsere mat i sjøen på ein berekraftig måte for framtida og kommande generasjonar. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i.
Me er òg veldig klare på at me trur framtida for laks i Noreg er i sjøen, og at det er fjordane våre og det reine vatnet vårt som er vårt viktigaste fortrinn i konkurransen med pengesterke aktørar i utlandet. Samtidig tek me utfordringane med dagens opne merdar på alvor, og innser at me treng nye løysingar for å få bukt med særleg utfordringa knytt til lakselus. Derfor vil me investere i å vidareutvikle dagens driftsform i sjø gjennom å satse heilhjarta på å utvikle og ta i bruk ny og lusefri teknologi for oppdrett i sjø.
Vårt formål
Misjonen vår, vårt formål, er å produsere sunn og god sjømat for verdas folk, med lågast mogeleg fotavtrykk. Me forstår at alle ikkje kan ete laks til middag, men me dristar oss likevel til å påstå at me kan, og vil, gjere ein forskjell. Me trur at vår nye teknologisatsing, Watermoon®, med lukka merdar, fri for lus og parasittar, skjerma for vêr og vind, og utan påverknad på botnen under anlegga, vil utgjere eit paradigmeskifte for akvakultur. Kanskje kan me òg nytte denne teknologien på andre artar i varmare farvatn. Kanskje kan me nytte slammet me samlar opp som mat for andre artar?
Desse tankane er òg inspirasjonen og drivkrafta bak Salmon Eye, eit unikt flytande kunstverk og visningssenter med mål om å fremja berekraftig matproduksjon i sjø gjennom opplevingar og diskusjon på tvers av skyttargraver og fagområde, basert på uavhengig og faktabasert informasjon. Inne i Salmon Eye ligg òg restauranten vår Iris, som er vår spydspiss innanfor innovasjon på mat, med unike råvarer og smaksopplevingar. Her vil me utfordre gjestane våre til å prøve nye råvarer og smakar, presentert gjennom ein ekspedisjonsmiddag.