BerekraftsrapportOm oss

Dagleg leiar om året og framtida

Eg er utruleg stolt øve da besten starta og pappen vidareutvikla. Dei gjorde alt for å utvikla oppdrettsnæringa, men me veit, som dei visste, at me ikkje berre er oppdrettarar. Me er entreprenørar som tilpassar oss verda eller går under. Gårsdagens løysingar held ikkje i morgon, og det er vår fordømte plikt å utvikle næringa vidare.​

Ein av dei største risikoane i næringa er å ikkje ta risiko. Det er ingen rett å arve eit oppdrettsselskap, men ei plikt å utvikle det. Oppdrettsnæringa er tufta på entreprenørskap langs kysten, evna til å skape verdiar der ingen trudde dei fanst, og løyse problem kvar dag. No er lakselusa vår største fiende, men me skal lukkast i å nedkjempe den. Med Watermoon skil me lusa frå laksen, vår tids viktigaste oppdrettsinnovasjon.​

Eide tar risiko for å løyse utfordringane. Me står urokkelege mot stormane og let oss ikkje knekkja. Me er ikkje redde for at andre løyser problema betre enn oss, for vår styrke kjem frå motet i hjarta og viljen til å gå på. Konkurranse er naudsynt, og me elskar å konkurrere, for det er i kampen me finn vår storheit.​

Me hadde ikkje kome dit me er i dag utan dei beste folka. Eg er stolt og takksam for å jobba med så flinke medarbeidarar i Eide. De er flinkare enn da som er mogleg å beskrive med ord, og dykkar evne til å kvar dag samarbeide og jobbe på er unikt. Pappen og eg snakka alltid om at «når dei andre legg til kai med båtane sine, då går me ut på havet, for då er moglegheitene størst». Eide sit ikkje stille og venter på at andre skal finne løysingane, me legg til havs for å finna dei sjølv.​

Vår styrke er at me er ein gjeng svoltne innovatørar, sjølv om me har over 50 års erfaring. Me nullstiller oss etter kvart mål, klare til å møta den neste utfordringa med fornya kraft. Me blir aldri heilt nøgd, sjølv om me har vunne eit slag. Me skal vinna krigen. Vår visjon om å setje standarden for framtidas havbruk er vår felles retning og leiesnor. ​

Salmon Eye og restauranten Iris fortel ei historie om håp, utfordring og grenselause moglegheiter. Me hyllar våre røter og veit kor me kjem frå, men brukar historia som plattform for å sikte mot nye horisontar.​

Watermoon er resultatet av 53 år med målretta arbeid og kontinuerleg innovasjon. Me har skapt teknologien sjølv, med fokus på fiskevelferd og berekraftig matproduksjon. Politikarane må leggje til rette for endring og innovasjon. Den varsla miljøfleksibilitetsordninga kan bli ein katalysator, men den må kome raskt og vere treffsikker. Dei må sørgje for at me kan bytte ein open konsesjon mot tre lukka.​

Folka våre, i heile verdikjeda, er årsaka til at me har kome dit me er. Dykkar innsats, dedikasjon og lidenskap set standarden for framtidas havbruk. Dette er ikkje berre arbeid, det er vår lidenskap og kamp. Kvar dag står me opp med tanken: "i dag skal eg overgå meg sjølv." Og kvar kveld legg me oss med vissheita om at me har gitt alt. I Eide har me ein kultur kor alle tør å seie kva dei meiner, og det er den beste ideen som skal nå fram, ikkje kven den kjem frå. ​

Framover skal me ikkje kvile, tru me er gode eller slakka av på farten. Me skal trakka gasspedalen gjennom golvet, og ha det gøy! Me har kome langt i 2023, men me skal så uendeleg mykje lenger. Nokon kallar oss galne. Me er Eide. Me har med oss røtene, men veit at vekst kjem frå framtidas fotosyntese. Me skal ta risiko og reise oss frå kvar ein motgang, me skal triumfere over kvar ei utfordring. Me veit at me må feile mykje for å lære gjennom samarbeid. Me skal aldri, aldri, aldri gje oss!​

Sondre Eide​

Tredje generasjons sjømatentreprenør